12.4. Fraktal

12.4.1. Oversyn

Figur 17.253. Fraktal

Fraktal

Originalbiletet

Fraktal

Eksempel på bruk av filteret «Fraktal»


Dette filteret omformar biletet ved å avbilde det på eit kart med mandelbrot-fraktalar.

12.4.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Kart → Fraktalspor

12.4.3. Innstillingar

Figur 17.254. Innstillingane for filteret «Fraktalspor»

Innstillingane for filteret «Fraktalspor»

Mandelbrotparametra

X1, X2, Y1, Y2, Djupn

Desse parametra er nokolunde det same som parametra X/YMIN, X/YMAX og ITER i filteret Fraktalutforskaren.

Rammehandtering

Avbildinga til fraktalen kan føre til at deler av biletet blir utan pikslar. Her bestemmer du kva som skal gjerast med dessse områda. Du kan velje å fylle desse ledige områda med Svart, Kvit, Gjennomsikt eller la det som forsvinn på ei side dukka opp på motsett side ved å aktivisere for Linjebryting.