8.19. Ordne fargekartet på nytt

Figur 16.159. Vindauget for «Ordne fargekartet på nytt»

Vindauget for «Ordne fargekartet på nytt»

Denne kommandoen blir brukt for å ordna rekkefølgja for fargane i fargekartet for indekserte bilete. Sjølve biletet blir ikkje forandra. Det er heller ikkje råd å legge til eller fjerna fargar, då må du bruke dialogen for indeksert palett.

8.19.1. Aktivering

Du har tilgang til denne dialogen frå biletmenyen via Fargar → Kart → Ordne fargekartet på nytt. Sidan funksjonen bare kan brukast på indekserte bilete, er menyvalet gråa ut som uverksamt dersom biletet ikkje er indeksert.

8.19.2. Å bruke dialogen «Ordne fargekartet på nytt»

Forklaringane gjevne i dialogvindauget er eigentleg nok. Du kan klikke og dra fargane rundt på fargekartet eller sortere dei på ulike måtar ved å høgreklikka i dialogvindauget for å få fram lokalmenyen:

Figur 16.160. Lokalmenyen for «Ordne fargekartet på nytt»

Lokalmenyen for «Ordne fargekartet på nytt»